Subscribe: ohelene syr +
http://www.ohelene.net/blog/?feed=rss2
Added By: Feedage Forager Feedage Grade C rated
Language: Norwegian
Tags:
dei  ein  eit  frå  ikkje  lage  man  med  meg  når    read  silhouette studio  silhouette  studio    versjon 
Rate this Feed
Rate this feedRate this feedRate this feedRate this feedRate this feed
Rate this feed 1 starRate this feed 2 starRate this feed 3 starRate this feed 4 starRate this feed 5 star

Comments (0)

Feed Details and Statistics Feed Statistics
Preview: ohelene syr +

ohelene syr +



funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet



Last Build Date: Wed, 03 Jan 2018 09:57:54 +0000

 



Visste du at du kan bruke nettbrettet til å styre kuttemaskina?

Fri, 24 Nov 2017 20:12:21 +0000

Eller strengt tatt til å styre pcen eller macen som styrer kuttemaskina, men styringa har du i alle fall! Splashtop er ein app for både Android og iOs nettbrett som lar deg bruke pc og mac frå nettbrettet og med denne kan du altså få tilgang til program som Silhouette Studio. Det den ikkje kan…
Read more



Tilpasse tekst til bruk som sjablong

Sat, 18 Nov 2017 17:31:18 +0000

Når man skal kutte tekst i vinyl eller htv spelar det liten rolle om ikkje bokstavane heng saman eller at smådeler ligg fritt og kvar for seg. Teksten skal uansett overførast til sitt nye underlag til dømes på veggen eller på eit klesplagg med enten transferpapir ved sjølvklebande vinyl eller medfølgande transferark som på htv.…
Read more



Boka er ute for sal og på plass i nettbutikken (13.11)

Thu, 09 Nov 2017 09:13:24 +0000

Den Norske Silhouettehåndboken 2.0 er ute!  Boka kan kjøpast her og eg sender ut fortløpande etter som bestilling/betaling kjem inn :) Prisen er kr 269,- pluss kr 36,- i porto.



Om ventetida blir for lang, eller om du vil ha boka som ebok

Sat, 21 Oct 2017 19:30:14 +0000

Det var litt om denne Silhouetteboka mi igjen berre. Eg er ikkje så god på venting sjølv, så om du er som meg, og er ein av dei som treng boka NO, og ikkje er så nøye på at den kjem på skjerm, ja då har eg boka klar til deg som pdf-bok i nettbutikken!  Boka…
Read more



Print and cut, eigne klistremerker

Wed, 18 Oct 2017 10:28:26 +0000

Å kunne lage eigne klistremerker er ein grådig kjekk ting når man har Silhouettemaskin og printer. Eg brukar ein blekkskrivar til utskrift og har laga både eigendesigna klistremerker og merker ut frå ferdige clipart og bilder. Silhouette har i si produktlinje fleire produkt som er fine til bruk med «print and cut»;  klistremerkepapir av ulike…
Read more



Glyphs i Silhouette Studio

Tue, 17 Oct 2017 16:12:10 +0000

I versjon 4.1. av Silhouette Studio kan man få tilgang til glyphs i fontar direkte i programmet så lenge man har oppgradert til Designer Edition eller versjonar over. Slutt på all kopiering bokstav for bokstav frå andre program som Tegnkart (pc) eller Fontbok (mac) og ein  god oversiktleg designprosess rett der – inne i programmet!…
Read more



Silhouettehåndboka på veg i ny versjon!

Sun, 08 Oct 2017 21:02:18 +0000

Den Norske Silhouettehåndboken 1.0 var ein stor suksess! Eg er så stolt over og glad for å ha blitt tatt så godt i mot av brukarar av Silhouettemaskiner og glad for at boka har solgt godt. Men som med alt som har med data å gjere så blir det meste fort utdatert når det kjem…
Read more



Oppdatering (og oppgradering) av Silhouette Studio

Sat, 30 Sep 2017 16:22:49 +0000

Det er mykje forvirring ute og går rundt kva og korleis når det gjeld oppdatering og oppgradering av Silhouette Studio. Nesten dagleg er det trådar med spørsmål rundt dette til dømes på facebookgruppa som eg held meg mest på. Å oppdatere eit program betyr å installere ein ny datoversjon av programmet. Ein versjon som enten…
Read more



Kjapp og enkel fargebakgrunn i Silhouette Studio

Sat, 30 Sep 2017 14:43:00 +0000

Har du som meg sakna å kunne endre farge på arket i programmet? Om du skal lage eit trykk til eit klesplagg som ikkje er kvitt kunne det vore kjekt å sjå på ulike fargekombinasjonar uten å importere bilder av plagget inn i programmet. Ein mogelegheit er å lage ei rute, fylle den med rett…
Read more



Versjon 3 versus versjon 4.1

Wed, 30 Aug 2017 16:54:51 +0000

I dette innlegget har eg sett opp ei litt grov oversikt over versjon 4.1. av Silhouette Studio samanlikna med versjon 3. Du kan får tilgang til pdf, som du kan lagre om du ynskjer det, ved å klikke på bildet. På bildet har eg prøvd å legge same farge på ikonar med same funksjon i dei…
Read more



Litt om Silhouette Studio versjon 4.1

Tue, 29 Aug 2017 07:23:40 +0000

Eg må innrømme at eg er av dei som veldig lett lar meg overtale til å prøve nye programversjonar. Eg har brukt den opne betaversjonen av Silhouette Studio 4.1. sidan den kom ut, og no er 4.1. endelig ute som ordinær versjon. Vel verdt å prøve, spesielt om du har investert i lisens til Designer…
Read more



Skissing med Silhouette Cameo – fyll i design/tekst

Fri, 09 Jun 2017 13:28:20 +0000

Eit spørsmål som går igjen frå nye og ikkje fullt så nye brukarar av Silhouettemaskinene er om man kan få tekst (eller design) fylt med farge på same måten som å printe tekst. Svaret er både ja og nei! Man kan fargelegge med penn, tusj eller det man set inn i maskina i staden for…
Read more



Vrangsydd kjole med knyting på skuldrene

Sun, 04 Jun 2017 18:11:14 +0000

I det siste har eg sydd eit par søte kjolar til minste jenta i huset. Denne typen små kjolar eller toppar kan man enkelt vrangsy, men framgangsmåten blir ulik alt etter om det er glidelås/knapping i ryggen eller om det er opning på skuldrane. Eg tok nokre bilder undervegs medan eg sydde kjolen med sommarfuglar…
Read more



Ofte stilte spørsmål om Silhouette

Sun, 09 Apr 2017 11:41:57 +0000

Kuttemaskene til Silhouette kan stillast inn til å kutte tideler av millimeter og kutte berre enkelte lag av eit materiale. Dette gjer at vi kan lage veggord og trykk til eigne plagg enkelt heime på hobbyrommet. Maskinene er relativt små – den største er 53×17 cm i grunnflate. Sjølv om den treng større plass når…
Read more



Enkel punktredigering – Silhouette Studio

Fri, 24 Mar 2017 14:10:40 +0000

Av og til (eller ganske ofte) kan det blir behov for å endre litt på design som vi har traca. Eg skal kort vise deg prinsippa i punktredigering med eit lite eksempel. Vi skal trace to hjarter. Det kan sjå ut som om dei er identiske ved fyrste augekast, men det er ein liten opning…
Read more



Og vinnaren av ei Silhouette Mint stempelmaskin var…

Mon, 20 Mar 2017 11:40:57 +0000

…meg!! På sjølvaste julafta vann eg ei Silhouette Mint stempelmaskin når Vinylhobby lodda ut ei maskin. Loddet fekk man ved ein liten «laik» og ein kommentar på posten deira på Facebook. Og vinnaren vart altså meg! Eg må innrømme at eg fekk litt kalde føter først. Stempel? Eg? Kva er det eg har sagt at eg…
Read more



Kontrastfelt ved hjelp av Offset

Sun, 12 Feb 2017 15:10:16 +0000

Offset er ein metode som man kan bruke om man til dømes ynskjer å bryte opp mot ein mønstra bakgrunn eller ynskjer ein annan farge rundt motivet for å framheve dette på annan måte. Det kan òg gi ein skuggeeffekt på design, eller brukast berre fordi du har funne to fargar som utfyller kvarandre fullt ut Framgangsmåten for…
Read more



Den Norske Silhouettehandboka 1.0

Wed, 25 Jan 2017 13:15:19 +0000

I dag har eg store nyheiter! Etter mange lange veker med skriving er eg endeleg klar for å gi ut «Den Norske Silhouettehandboka». Det har gått nokre ekstra dagar med å lage ein bokmålsvariant av boka i tillegg til orginalen på nynorsk, men no er begge utgåver i mål! «Den Norske Silhouettehandboka 1.0» og «Den…
Read more



Compound Path versus Group versus Convert to Path

Wed, 04 Jan 2017 11:50:38 +0000

Compound path og Group, og motstykka deira Release Compound Path og Ungroup, er to hyppig brukte kommandoar i Silhouette Studio så fort du skal begynne å redigere eller lage noko sjølv. Convert to Path lagar saman med desse to ein viktig trio. Det er ikkje alltid så lett å sjå skilnaden på desse sidan dei…
Read more



Tekst langs linje (Text to Path)

Tue, 03 Jan 2017 12:56:14 +0000

Ein av mine første filmar på YouTube i serien min om Silhouette Studio handla om å bøye tekst i sirkel. Å kunne la teksten følge ei form eller ei linje er ein kjekk funksjon i design av eigne kuttemotiv, men det er ikkje alle som veit at ikkje berre sirklar, men alle slags former og linjer kan…
Read more



Tracing av foto i Silhouette Studio

Wed, 21 Dec 2016 12:45:33 +0000

Her er ein video eg nettopp har laga på to ulike metodar å trace bilder på. Utfordringa med bilder er at man må justere seg etter korleis bildet er. Mørk eller lys bakgrunn, mykje detaljer eller store felter med veldig mykje lik farge. Fargebilder eller svart kvitt. Einsfarga trykk eller trykk med fleire fargar? Ikkje…
Read more



Kurs i bloggen

Wed, 21 Dec 2016 09:02:11 +0000

Eg har begynt å legge ut nokre leksjonar i bloggen min knytt til bruken av Silhouette Studio. To av dei  fyrste leksjonane går på kunsten å trace utklippsbilder. Etter kvart kjem det fleire leksjonar knytt til bruken av Silhouette Studio med forhåpentlegvis stigande vanskegrad. Ta ein titt innom, og legg gjerne att ein kommentar om…
Read more



Bruk av fontar som Samantha Upright (av Laura Worthington)

Tue, 06 Dec 2016 17:59:26 +0000

Når man skal lage eigne design er det kjekt å kunne leike seg med ulike fontar. Eg har tidlegare vist korleis og kor man eksempelvis kan finne nye fontar til bruk på pc/mac og med det i Silhouette Studio. Men så er det ein del frustrasjon ute og går knytt til fontar som har alternative…
Read more



Kalibrere før første gangs bruk av PixScan-matte

Tue, 08 Nov 2016 11:40:44 +0000




Lage julegavepakkelapp av clipart

Fri, 28 Oct 2016 09:35:47 +0000

 



Nye betalingsalternativ i nettbutikken, Vipps og mCASH

Thu, 27 Oct 2016 09:24:37 +0000

No kan du velge å betale via Vipps og mCASH i nettbutikken min! Dette vil for deg vere ein raskare måte å få fullført kjøpet ditt på enn via betaling til bankkonto. Med Vipps eller mCASH ser eg med det same kven det er som har betalt og skal ha tilsendt vare :) Du kan…
Read more



Bli med på helgesamling med kurs!

Thu, 22 Sep 2016 08:10:14 +0000

18.-20. November blir det helgesamling med kurs i vakre Sogndal! Gå inn på lenka under for å lese meir om kurset og melde deg på! Dette blir kjekt! http://www.ohelene.net/blog/vare/helgetreff-med-kurs-i-silhouette-studio-overnatting-inkludert



Forklekjole – ny versjon av eit gamalt mønster

Tue, 31 May 2016 10:47:51 +0000

I dag har eg lagt ut eit nytt mønster i nettbutikken min. Forklekjole i to størrelsar som dekkar 9 mnd til 3 år. Når eg først begynte å sy denne typen kjolar var det etter eit mønster frå alt om handarbeide frå ca 1980. Så gav eg vekk bladet som mønsteret var i – litt…
Read more



Pattern fill i Silhouette Studio DE

Tue, 24 May 2016 17:33:45 +0000

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for…
Read more



Tegne i Silhouette studio

Sun, 22 May 2016 15:16:51 +0000




Fornying av kuttematte til Silhouette Cameo

Wed, 06 Apr 2016 12:55:12 +0000

Etter ei tids bruk blir limet på kuttematta gjerne metta av støv. Ikkje minst dersom ein kuttar i papir. Eg har to orginale matter i bruk. Begge desse var veldig støvete og kleba lite no. Eg tok bilder medan eg fornya dei slik at du kan sjå kva eg gjorde og evt. plukke opp nokre…
Read more



Frå barnetegning til kuttefil for Silhouette

Mon, 14 Mar 2016 14:01:24 +0000

Å lage vinyltrykk av ungen sin eigen tegning er kjempestas – både for kunstnaren sjølv og for mor. Dette er lettast med strektegningar som ikkje er fargelagde. Så her er det berre å satse på at nokre av tegningane i bunken frå barnehage- skule eller frå tegnestunder heime kan brukast til vidare bearbeiding. Det pla…
Read more






Fleirfarga motiv i Silhouette Studio (bildetungt innlegg)

Sat, 28 Nov 2015 21:56:34 +0000

Å kunne lage fleirfarga motiv i Silhouette Studio – med Silhouette Cameo (eller Portrait m.fl.) blir fort eit ønske når man er ny med Silhouette Studio. Eg skal vise deg at dette slett ikkje er så komplisert og at dette er noko alle som klarar å bruke sjølve programmet kan klare. Måten eg gjer det…
Read more



Backup av filer frå Silhouette Studio

Sat, 21 Nov 2015 14:07:34 +0000

Silhouette Studio har frå versjon 3 av innebygd backupfunksjon av library-filene. Backup (sikkerheitskopi) som er lagra på ein ekstern HD eller anna minnemedium er kjekt å ha den dagen pcen eller macen ikkje startar opp og du ikkje får tilgang til filene som ligg der. Dette handlar om backup av filene som ligg i «My…
Read more



Nokre vanlige utfordringar ved bruk av Suilhouette Studio…

Wed, 14 Oct 2015 09:07:24 +0000

…og ulike løysingar på desse Ver obs på at menyar, ikoner og plasseringar kan vere ulike alt etter versjon av programmet og ut frå om du har Designer Edition eller ikkje. Utfordring: Innstillingane mine er i inch. Eg skulle gjerne hatt dei i cm eller mm. Kva gjer eg? Løysing: Opne Innstillingspanelet enten ved å…
Read more



Saumlaust

Sat, 25 Apr 2015 20:39:42 +0000

I kveld har det vore dobbelt saumlaust her. Ikkje har eg sydd ein einaste saum verken for hand eller på symaskina, men på pcen har eg laga saumlause mønsterfiler til bruk i Silhouette Studio. Eg brukar programmet Inkscape til dette, og sidan eg har Designer Edition av Studio Silhouette kan eg legge mønterfilene mine rett…
Read more



Travle tider

Mon, 20 Apr 2015 09:03:43 +0000

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen…
Read more



Kjentfolk i bladet!

Mon, 23 Mar 2015 09:53:31 +0000

Eg har vore så heldig å få vere bloggprofil i aprilnummeret av Alt om Håndarbeide – symagasinet. Har du lyst til å vere med i trekninga om å få tilsendt eit eksemplar av dette bladet? Kommenter her i bloggen på dette innlegget, på Instagram eller på Facebook så trekker eg ut ein vinnar fredag på…
Read more



Det går i førebuing til kurs

Wed, 11 Mar 2015 12:12:00 +0000

 



Kurs i Silhouette Studio

Sat, 28 Feb 2015 21:00:36 +0000

20. 21. og 22. mars er det planlagt Kurs i Silhouette Studio hjå Papirgleder på Hjelteryggen. Og eg er kurshaldar! Eg gler meg – og gruar meg litt – men gler meg mest. Dette blir moro! Her kan du melde deg på kurs! Håpar eg ser deg der!



Utkledning og masker

Fri, 20 Feb 2015 12:27:34 +0000

Utkledning er alltid moro! Ungane likar å bli malt i ansiktet, og ein av dei store mine begynnar å få skikkelig taket på å lage fine ansiktsmalingar. Me Eg har samla klede og utstyr til utkledning like lenge som me har hatt ungar, og masker er ein viktig del av samlinga. Handelsstanden gjer gode pengar på…
Read more



Handlenett – sy det sjølv

Thu, 19 Feb 2015 13:01:57 +0000

Frå 1. april blir det miljøavgift på å kjøpe plastposar i butikk. Eit litt omstridt verkemiddel sidan nokre meinar at plastposar ikkje er eit problem i Norge. Men det er nok uansett eit tiltak som gjer at underteikna kjem til å lettare hugse å ta med handlenett heimefrå. Og om ikkje du har handlenett å ta…
Read more



Kutt ut!

Sun, 15 Feb 2015 12:27:17 +0000

På handarbeidsfronten går det framleis mest i bunad, men eg «leikar» meg òg ein del med Cameoen og programmet som høyrer til. I dag har eg lagt ut ein ny video på Youtube om Print and Cut (med bruk av mønster/Pattern) og eg har vel heller ikkje lenka til den forrige videoen min her inne,…
Read more



Kjærleik

Fri, 06 Feb 2015 12:42:43 +0000

Eg legg ikkje skjul på at eg føretrekk nynorsk som skriftspråk. Eg tykkjer språket har ein god klang og at orda «smakar» bedre enn mange av dei tilsvarande på andre språk. At mange føretrekk å bruke bokmål eller til og med engelsk framfor norsk kan eg både forstå og respektere når eg ser velklingande veggord og…
Read more



Ord i former

Sat, 24 Jan 2015 16:43:24 +0000

Det er kjekt å lære å lære noko nytt, og eg syns òg det er kjekt å kunne dele med meg av det eg lærer. Kanskje deler då andre noko med meg tilbake? Uansett går eg i pluss slik eg ser det. Det eg har lyst til å dele denne gangen er korleis du kan…
Read more



Sykveld

Sat, 24 Jan 2015 16:38:24 +0000

I går kveld (og natt vart det nesten) hadde vi sykveld i barnehagen/grendahuset vårt. Vi var ikkje så mange denne fyrste gangen, men det er veldig mange som har sagt at dei har lyst til å vere med «neste gang» så det gler eg meg alt til. Må berre få bestemt ein dato og sjekka…
Read more



Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Tue, 20 Jan 2015 15:46:05 +0000

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge…
Read more



Ny med Silhouette Cameo

Fri, 09 Jan 2015 21:10:29 +0000

Eg er over middels interessert i programvare og duppedingsar. Så å «leike» med Silhouette Cameo1 i kombinasjon med programvara Silhouette Studio, er på kort tid blitt ein av mine favorittsyslar i ledige stunder. At dette knyter saman to av mine andre favorittar, data og saum, er vel hovudgrunnen til det. På forumet for maskina på…
Read more



Eit nytt mønster i nettbutikken i dag òg

Mon, 05 Jan 2015 15:21:48 +0000

Mønsteret eg har lagt ut i nettbutikken i dag er eit PDF-mønster på dokke-, baby- eller barnehue med knyting, berekna på elastiske stoff. Eg har sydd og pønska på dette mønsteret av og på i over tre år og hatt testsyarar på den i to ulike omgangar – tusen takk til dykk! No vel eg…
Read more