Subscribe: Tankar frå ein kvardag
http://tovehd.blogspot.com/feeds/posts/default
Added By: Feedage Forager Feedage Grade B rated
Language: Norwegian
Tags:
alle  dag  dei  ein  eit  frå  god  hadde  ikkje  litt  med  meg  når    seg  skal    var  vere  år 
Rate this Feed
Rate this feedRate this feedRate this feedRate this feedRate this feed
Rate this feed 1 starRate this feed 2 starRate this feed 3 starRate this feed 4 starRate this feed 5 star

Comments (0)

Feed Details and Statistics Feed Statistics
Preview: Tankar frå ein kvardag

Tankar frå ein kvardag



I løpet av eit liv er det kvardagar vi har flest av. Kvardagane er flotte og undervurderte! I denne bloggen ynskjer eg å dele små kvardagsaugeblikk med dykk!



Updated: 2017-10-24T13:04:41.267+02:00

 



Påskestrikk!

2013-03-30T11:25:18.786+01:00

Det er mykje å fylle dei gode påskedagane med. Skigåing, aking, nyte sola i fjøresteinane, gå lange turar og nyte synet av snøklokkene sprett opp frå bakken. Eller ein kan lese ei god bok. Lage god mat. Kose seg i lag med gode vener. Eller strikke.For nokre vekar sidan byrja eg på eit trekantskjerf, eller ein hjartevarmar, som eg kallar det! Eg elskar den klare, turkise fargen. Eg brukte to ulike typar garn, begge deler frå Rauma garn. Skjerfet vart strikka ferdig no i  påska og minstemor var snar å legge sin elsk på det! For å bruke opp tråden strikka eg eit panneband òg. Det vart litt knapt med tråd på slutten, så då måtte eg supplere med noko turkis frå Dale Babyull. Det er så kjekt å strikke til nokon som vert så glade for det dei får! No er det nytt garn på pinnane og frøken midtimellom skal få seg ein Skappel-liknande gensar. Det fine med dette skjerfet er at det vart så stort at det dekkjer bringa til minstemor, slik at ho held seg ekstra god og varm! I dag er det påskeafta og framleis er det litt att av påska! Riktig god påske til alle vi kjenner! Bruk tida og dagane godt; anten inne eller ute! [...]



E N J O Y . . .

2013-03-25T11:32:33.624+01:00


...it`s another beautiful day and spring is on its way! 


Biletet har eg lånt frå weheartit.com




Endeleg påske!

2013-03-23T22:53:46.176+01:00

Vi har hatt påskeverkstad i heimen i dag. Ingrediensar: tre søskenbarn på seks år, maaange egg, maling, greiner, litt tolmod og ein porsjon tolmod (både frå store og små). Minstemor var så lei seg for at egget ho hadde mala i barnehagen vart knust, så ho ville ha "evigheitsegg". Då vart det plastegg og glasegg - kjøpt på butikken! Dette er den absolutt finaste påskebuketten her i huset! Tre søskenbarn på seks år, fulle av liv og ablegøyer! Maling på hendene? Ingen problem - papsen i huset fiksar slikt!Ynskjer alle gode vener ei fin påskehøgtid![...]



s k å l

2013-02-28T22:11:10.554+01:00

Eg har så lett for å   f o r e l s k e   meg. Når skjønne, små skåler kikar på meg frå butikkhylla klarer eg ikkje å motstå. Eg let meg forelske. Begeistre. Rive med. Og når dei skjønne, små skålene har svært god pris, så kan eg rett og slett ikkje stå i mot!


Har du sett desse skålene før? 


Eg har kjøpt skålene på Kremmerhuset og dei har dei i fleire flotte fargar!


Eg kjøpte nokre til "samlinga" mi og nokre til å gi vekk. Super venninnegåve!


Eg har lovt meg sjølv at eg ikkje treng fleire skåler no. Trur eg. Ikkje på ei god stund, i alle fall.  Men ein kan aldri vite når nye forelskingar slår til!


Dette var vel vakre fargar å møte våren med?




Verdens finaste strikkagenser!

2013-02-20T20:31:54.470+01:00

For nokre år sidan vart eg bitt av strikkebasillen. Det er ikkje så rart, eigentleg, for eg elskar alt som er laga av ull. Eg nyt å gå inn i ein strikkebutikk og sjå alt det fine garnet, alle dei flotte fargane og kjenne på den eineståande kvaliteten. Og så har eg vokse opp med "strikkedamer" over alt kring meg. Eg trudde lenge eg ikkje skulle få det til, men når eg fyrst sett meg ned så losna alt. Og om eg stod fast, var det berre å ringe mamma, google eller sjekke på youtube.com. Det starta med heilt enkle plagg, heilt enkelt strikk; halsar, skjerf, rillestrikka genser, babytepper og huer. Interessa for strikk auka og lysta til å prøve meir avansert strikk kom snikande. Etter kvart har tida gått og det er mange produkt som har vorte til mellom hendene mine. Sidan november har eg strikka tre genserar - det hadde eg aldri trudd for nokre år sidan! Gensaren du ser på bileta i dette blogginnlegget er min absolutte favoritt. Det er strikka i det nydlegaste garn du kan tenkje deg; Viking Eco Alpaca. Eg var eigentleg på strikkebutikken i eit heilt anna ærend og hugsar ikkje om det var garnet eller mønsterboka som fanga merksemda mi fyrst. Eg visste med ein gong kva for gensar eg skulle strikke, den skein i mot meg frå mønsterboka og ba om å verte strikka! Eg har brukt akkurat same fargane som står oppgitt i mønsteret. Det er vanskeleg å beskrive kor nydeleg dette garnet er. Eg trur det må vere det mjukaste eg har kjent! Å sitte med garnet i fanget og strikke har vore ei rein fryd! Rett nok loa det ein del undervegs, men no når gensaren er teken i bruk så merkar vi det ikkej så mykje. Det er vel ikkje vanskeleg å sjå at minstemor er glad i gensaren sin?Om eg skal setje fingeren på noko, så må det vere at delar av mønsteret var litt vanskeleg å forstå. Eg trudde det var mi inkompetanse som gjorde seg gjeldande, men sjølv røynde strikkarar hadde vanskar med å forstå alt i oppskrifta. Det ser også ut til å vere nokre opplysningar som manglar. Eg gjekk meg på ein smell på hovudmønsteret, men då kom heldigvis mamma og berga meg - tusen takk for hjelpa! Eg har forresten gjort ei lita endring på gensaren; i oppskrifta har den hette, men eg er ikkje så begeistra for hette på barnegensarar, så då gjekk vi for den halsen som var på guttegensaren. Eg er svært nøgd med å ha tatt det valet!I dag hadde minstemor fri frå barnehagen og vi kosa oss i sola på badestranda. Fakta om gensaren:Garnet heiter Viking Eco Alpaca og eg har kjøpt det på Volda Mode i Volda.Mønster finn du i Viking Design si mønsterbok nr. 1208.Gensaren er designa av Turid Stapnes og er nr. 1208-14 i mønsterboka.Der er ein variant for gutar som har litt anna mønster, men akkurat like fin. Gensaren er strikka på pinne 4 1/2 og 5. Gensaren kan også strikkast i Viking Odin. Tråden kjem i hesper og må difor nøstast. Du finn gensaren i storleikane 2 år til 10/12 år. Om du bur på mine trakter får du kjøpt Viking garn på Volda Mode i Volda. Volda Mode har eiga nettside som du finn her, og du kan også følge dei på Facebook ved å klikke her. [...]



Kake til morsdag?

2013-02-09T09:08:20.777+01:00

Skal du bake til morsdag? Sette ungane i sving? Invitere til selskap? "På kjøkkenbenken" har ein aldri så liten kakespesial i dag; ti herlege kakefavorittar som garantert vil falle i smak og ta seg godt ut på kakebordet! 

W A R N I N G : fristelsane i dette innlegget er store....


Klikk her for å gå rett til innlegget. 

Fleire av desse kakene har vore på Lesernes VG og eg har fått mange tilbakemeldingar frå godt nøgde kakemomsar! 




Strikkagenser til minstemor!

2013-02-05T11:06:29.973+01:00

Farfar si gamle reisekiste er full av tråd. I alle fargar. I alle variantar og kvalitetar. For to veker sidan var eg og minstemor på oppdagingsferd i alt restegarnet og fann litt tråd vi kunne strikke ein genser av.

 Vi fann litt Dalegarn; Dale Babyull, i 100 % merinoull. Til bråt hadde eg nokre restar av Sisu. Frøkena var heilt klar på kva fargar ho ville ha - og slik vart det! Eg er ingen storstrikkar (dvs ikkje særleg dyktig, ikkje særleg rask, ikkje særleg kreativ), så eg fann ut at det måtte verte ein genser i rillestrikk. Ei målsetting var at gensaren skulle verte ferdig fort!


Minstemor er sjuk og heime frå barnehagen i dag. Gleda var stor då ho stod opp i dag tidleg og såg at eg hadde montert ferdig gensaren slik at ho kunne bruke den! Det er godt å kose seg med varme ullkle når ein er forkjøla og frys... 

Lukka er å få sitje på bordet og   d i n g l e   m e d   b e i n a  i ullsokkar som bestemor har strikka! Dei er eigentleg storesyster sine, men no passar dei endeleg til minstmor! 

I dag får verden berre passere. Eg og minstemor sit krølla under eit pledd i sofaen og ser "Verdens beste SFO". Då er alt så bra som det kan vere!






Feed the birds ♥

2013-02-03T13:16:45.406+01:00

Når snøen dalar og det kalde vintervèret slår til for fullt, må vi tenkje på småfuglane. Ein kan kjøpe meisebollar eller lage dei sjølv. I går laga eg og jentene litt fuglemat som vi hengte ut i dag. Å lage sine eigne meisebollar er eigentleg ganske enkelt. Du treng: mjølkekartongar, delt i to (eg brukar berre botnen)Delfiafett (smelt forsiktig i ei panne)solsikkefrøsesamfrølinfrøkokosrosinerDu kan sjølvsagt bruke det du måtte ha tilgjengeleg av frø. Ha frøblandinga i mjølkekartongane og slå det smelta feittet over. Vi treng også noko som kan brukast til å henge opp meisebollane. Eg brukar greiner som eg knekk av i passe lengd, set dei ned i blandinga og set mjølkekartongane slik at greinene får støtte seg og held seg beine. La blandinga stå i kartongane natta over, knyt i tråd, riv eller skjær opp kartongen og heng dei ut til småfuglane. No heng den heimelaga fuglematen i ei gran på tunet og vi sit i glaset og ser etter småfuglane! Passar du godt på småfuglane?Biletet av dei vakre fuglane har eg lånt her. [...]



Matblogg på flyttefot!

2013-02-02T18:06:38.393+01:00

Nokre som les bloggen min veit kanskje at eg skriv matblogg i tillegg til "Tankar frå ein kvardag"-bloggen min. Det kan vere vanskeleg å disponere ledig tid mellom dei to bloggane, og i det siste har matbloggen vorte prioritert.Eg er nemleg så heldig at eg får vere ein del av matprat.no-familien. Vi er ein gjeng matbloggarar som er med iver og lyst bloggar om mat i alle ulike variantar. No skal matprat.no legge om bloggplattforma si og i den forbindelse har bloggen min flytta ut av matprat.no-kollektivet og inn på eit webhotell der eg skal styre bloggen min sjølv. Eg og dei andre matbloggarane skal framleis vere ein del av matprat.no, men no på litt meir sjølvstendige bein. Dette gjer det lettare for meg å designe og tilpasse bloggen slik det passar best for meg. Mykje vil vere det same. Noko vil vere nytt. Blant anna har eg fått ny adresse. Den nye adressa mi er paakjokkenbenken.com. Heldigvis blir alle som klikkar inn på den "gamle" adressa omdirigert til den nye. Alle er hjarteleg velkomne til å besøke matbloggen min! Rett før helga var eg m.a. på Lesernes VG med ei vannbakkelsoppskrift og dette gav sjølvsagt rekordbesøk! Bloggportalen til matprat.no skal også endrast. Måndag 4. februar vil portalen framstå i ny drakt og det gler eg meg til! Det er så dyktige folk som jobbar i matprat.no, at eg har stor tru på at den nye bloggportlen blir super! Vil du hjelpe meg å fortelje folk om bloggen min? I ein overgangsperiode vil eg trenge litt hjelp for å nå ut til nye lesarar. Eg blir kjempeglad om du vil hjelpe meg med dette! Du kan fritt låne dei to bileta i dette innlegget og poste anten på facebook, Twitter, blogg, instagram eller andre sosiale media! Det er sjølvsagt motiverande for meg å sjå at eg har gode besøkstal på den "nye" matbloggen min! Ynskjer alle ein flott laurdagskveld! [...]



Mine fargar

2013-01-18T16:49:34.905+01:00

Naturlege fargar går aldri av moten. Shades of grey er ei kjent begrep i desse dagar, men eg er like glad i alle dei ulike nyansane av brunt og kvitt. Dei høyrer på mange måtar vinteren og våren til.Og blant alt dette duse er det sjølvsagt innslag av grønt, som ei påminning om at våren kjem om litt. At naturen snart skal falde seg ut i all sin prakt! Nøttene vi hadde att frå jul får vere pynt på bordet. Både fargane, teksturen og forma appellerer til meg. Som matbloggar finn eg sjølvsagt desse fargane i maten òg! Her har eg laga ei nydeleg fikenkake. Den er berre heilt utruleg nydeleg... Om du vil ha oppskrifta kan du kike innom matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Trykk her for å kome til oppskrifta. God helg til alle lesareane mine! [...]



Nakne greiner

2013-01-12T20:38:31.403+01:00

Eg kunne ha kjøpt meg eit tre og planta det i eigen hage. Det skulle vere ein vrihassel; Corylus Avellana Contorta. Men vrihasselen veks så seint. Eg har ikkje tid til å vente. Eg vil ha greiner inn i hus heile året. Då er det fint at ein kan kjøpe seg slike greiner i butikken. Dei nakne, vridde greinene er så dekorative. Litt underlege og spennande. I dag kasta eg siste rest av juleplantene. Litt synd, kanskje, for dei var både vitale og fine. Men det er ei tid for alt. Og akkurat no er det tid for det lyse. Det luftige. Det som lokkar fram våren og sola og varmen.Eg hadde i grunnen pålagt meg sjølv kjøpestopp ei stund framover, men desse flotte urnene stod og ropte på meg på Kid i dag. Raud lapp og halv pris er gjorde det sjølvsagt litt lettare å ta dei med seg bort til den hyggelege dama bak disken! Sjølv om eg lengtar etter vår, så veit eg så inderleg godt at det framleis er vinter. Vi skal framleis gjennom perioder med mykje snø og nedbør. Det skal framleis vere kaldt. Då ventar eg litt med å leite fram vårfargar og pastellar. Hos meg er dei naturlege fargane som får råde ei stund til. Og når det kveldast ute, tenner vi stearinlys og gler oss over den gode og varme stemninga. Korleis førbur du deg til vår og lysare tider?God laurdagskveld til alle! [...]



Nyttårshelsing

2012-12-31T15:25:12.537+01:00



Riktig godt nyttår til alle som har følgt bloggen min i året som gjekk - og velkomen med inn i det nye!

Ynskjer alle ein trygg og god kveld!





Den store dagen....

2012-12-25T11:39:47.046+01:00

Små glimt frå store øyeblikk!Vi starta dagen med å invitere storfamilien på nissefest på låven. På menyen: flatbrød med kald rømmegraut og spekemat (sjå her for å lese meir om menyen). ...og nissefar kom sjølvsagt på besøk...Den sikre teiknet på at det er den ekte Nipe-nissen som kjem på besøk, er revehalen.Frøken 5 år likte godt å få nissebesøk! Det var både skummelt og spennande på same tid!s t o r   g l e d eSpennande med alle gåvene som skal delast ut! Og som ved eit trylleslag kom julesnøen litt ut på kvelden! Det var ikkje så mykje, berre akkurat  nok til å legge eit kvitt, magisk teppe over jorda! Håper alle hadde ein fin julekveld![...]



Julesvibel

2012-12-23T22:20:46.755+01:00

Sviblane er så skjønne rett før dei strekkjer hals og søkjer mot lyset. Dei små knollane som snart skal sprette ut og glede oss med både farge og lukt.


Sviblane må alltid ut på veslejulaftan, og gode råd vart dyre då eg skulle til å pynte i dag. Kva i alle dagar skulle eg setje dei i? I år hadde eg mange fleire sviblar enn eg har hatt før og vart difor ganske opprådd då eg ikkje fann krukker nok til alle. 


Brått kom eg på dei flotte Menu-krusene eg har! Sidan eg har julekrus i skapet no, vart desse til overs og kan meir enn gjerne gi rom for flotte julesviblar! 

Eg kjenenr at jula kryp seg på... Vi er ferdige med all pyntinga og kosar oss i sofakroken med juleprogram på TV. Det er så herleg når stova er full av levande lys og det luktar grønsåpe overalt! 

God julehøgtid til alle!




Førjulsfrukost

2012-12-22T10:01:11.242+01:00

Ingenting smakar betre enn heimelaga frukostblanding. Dei varme, runde og søte smakane gir ein perfekt start på dagen!




Du rekk fint å lage denne muslien før julaftan. Oppskrifta finn du her! 




Smakfull førjulsjgåve!

2012-12-16T16:35:44.808+01:00

Tenk så kjekt å kunne glede nokon i førjulstida! Kanskje ein god ven, ein nabo, ein kollega eller ein du har kjær. På matbloggen min, "På kjøkkenbenken" får du oppskrifta på ein fantastisk muslibar som eg har lært å lage av Norgesmeister i konditorkunst, Annemari Erlbeck.


M a s s e   s m a k   i   k v a r   e i n   b i t !

Oppskrifta finn du på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Klikk her for å kome til bloggen.

G o d   s ø n d a g   t i l   a l l e !




...om å vente på lukka..❤

2012-12-11T23:00:26.132+01:00

Akkurat i dag, ein stad i verda, langt vekk frå kalde Noreg, ligg ei lita jente og søv stille. Eigentleg skulle ho ha sove i si eiga seng, men den nybakte mammaen og pappaen klarer ikkje å ta augene av henne. Klarer ikkje å få nok av den gode varmen i den vesle kroppen. Så ho ligg mellom dei. Dei nybakte foreldra vik ikkje frå henne med blikket. Kanskje i frykt for at dei brått skal vakne og finne ut at det heile er ein draum.Ei lita hand kviler i den store. Dei to vaksne ser på kvarandre. Det er ikkje nødvendig å seie noko. Det er nok å sjå si eiga lukke spegle seg i den andre sine auge. Det vesle barnet snur litt på seg. Det er som dei stoppar å puste. Kvar einaste vesle rørsle er som ei gåve. Eit under.I meir enn sju år har dei venta på denne augneblinken. Sju år med undring, lengt, og smerte. Heilt sikkert smerte. Og heilt sikkert spenning. Dei måtte vente til alt var rett. Til alle papir var i orden. Til det vart deira tur.(Illustrasjonsbilete! Dette er ikkje paret eg skriv om!)Eg har vore heldig og fått oppleve fire svangerskap. Eg veit for ei lukke det er å kjenne dei små sommarfuglevingane som kitlar i magen, kjenne dei små sparka og oppleve at noko så smertefullt som ein fødsel kan vere den største og beste opplevinga ein kan ha. Eg trur ikkje eg kan setje meg inn i tankane til dei som må gå rundt og vente på ein adopsjon. Det må vere endelause dagar å gå og vente på å få svar. Og så vente endå meir. Og så vente på tildeling. Det kan gå år. Mange år. Venninna mi Lisbet og mannan hennar, Jon, har venta sin del. Endeleg vart det deira tur. Endeleg fekk dei reise og hente heim veslejenta si.Ein plass i verda ligg der ei lita jente og søv. To foreldre vaker. Kanskje søv dei på skift. Dei eig ei lukke. Og lukka ligg der, midt mellom dei og i dei og rundt dei. Eg fekk sjå det fyrste bilete av mor og barn. Det var så rørande og sterkt å sjå. Om eit bilete nokon gong har sagt meir enn tusen ord, ja så er det nettopp det biletet. Det har brent seg fast på netthinna mi.Kjære Lisbet og Jon.Eg kan ikkje ein gong forestille meg spenninga, kriblinga, gleda, lukka og undringa... Etter år med venting vart det endeleg dykkar tur. Ei lita jente skal få det beste som er å få av foreldre. No får de nyte dagane i vesla sitt heimland til å verte godt kjende med henne og kulturen hennar. Ver til stade i alle minutt, sekund og augneblink og nyt alle kjenslene. Og når to små armar forsiktig legg seg rundt halsen dykkar slår lukka ring kring ein ny familie.Vi gler oss til ein dag å få sjå litt av lukka dykkar, Lisbet og Jon!Om du vil følge Lisbeth og Jon si fantastiske reise, så kan du kike innom bloggen deira; "Alvehjem".Ingen av personane på bileta kan knyttast til dei eg skriv om. Alle er lånte frå Weheartit. com. Link til kvart bilete i den rekkjefølge dei står finn du her, her, her, her og her. [...]



Julestemning på trappa ♥

2012-12-04T21:06:47.086+01:00

I helga var det ingenting vi måtte, skulle eller burde. Berre ville. Vi gjorde berre det vi ville! 


Vi var på juletreskogen og henta ei stor julegran som vi sette opp på tunet og pynta med lys (stemningsfulle bilete kjem i eit seinare innlegg). Eldstemann plukka einebusker som eg pynta med på trappa. Likar så godt å pynte med vintergrøne greiner!


Frøken fem år er heilt sikkert arveleg belasta; ho elskar konglar og stein! Her ein dag kom ho heim med ein stor handlepose med konglar i alle storleikar og fasongar! Barnehagen hadde vore på tur og ho hadde samla konglar for å ha med seg heim! Dei har vi pynta med både inne og ute!


Nede i kjellaren fann eg noko som for meg såg ut som eit rustikk og flott bord som eg kunne setje på trappa og pynte. Husbonden flira godt då han såg kva eg hadde brukt, for dette var rett og slett transportemballasje for to gasskanner! Men i mine auge var det altså eit fint bord som eg kunne bruke til å vinterpynte på trappa! 

I neste innlegg skal eg vise bilete frå julegrantenninga vår!



Note to self....

2012-12-01T00:39:14.651+01:00

I morgon er det desember og vi går ei varm, raus og spennande tid i møte. Men vi veit alle at det også kan vere travelt, stressande og hektisk. Eg veit så inderleg vel at eg let meg rive med og at eg ikkje finn att kvilepulsen før litt ut i romjula ein gong. For å kome meg gjennom adventstida med ære og helse i god behald, må eg rett og slett love meg sjølv nokre ting:♥ Eg lovar å slappe heilt av og nyte ein god kopp kaffi når eg får besøk i førjulstida - utan å tenkje på alt eg eigentleg burde ha gjort♥ Eg lovar å ta meg tid til å besøke andre -  nærvær av gode vener er gull verd♥ Eg lovar at eg skal sjå barne-TV i lag med ungane kvar kveld♥ Eg lovar å fortelje meg sjølv at det eg gjer er godt nok♥ Eg lovar å ikkje stresse med julegåvehandelen - eg har så vidt starta, men veit eg kjem i mål!♥ Eg lovar å ta meg tid til å kveldsturar - enten det er måneskin eller regn♥ Eg lovar at eg kose meg i lag med familien minBiletet over tok eg ein kveld eg var på besøk med ei god venninne. [...]



Ein liten smakebit...

2012-11-25T09:40:24.878+01:00

At julekjensla kjem snikande for kvar dag som går, er ikkje til å unngå. Og eg let meg rive med. I alle fall litt. Smått og forsiktig. Eg er eigentleg veldig "julete" av meg, men har alltid meint at ein ikkje skal ordne og styre så mykje før ein har runda 1. søndag i advent. Eg er så smerteleg klar over at tida fram til jul går så frykteleg fort. Og eg veit at det er den mest travle tida i året, både på jobb og heime. Difor har eg i år bestemt meg for å pynte og ordne litt gradvis - for å kome i stemning, for å kunne nyte den gode tida lengst mogleg og kanskje for å unngå kjensla av stress. Det er godt å kome heim og slappe av når det er litt vinterstemning i heimen. Ein tek ikkje skade av å kose seg litt ekstra i mørketida!Og apropos mørketid..... Eg fall for fristelsen og kjøpte meg endå ei julestjerne i år. Det er ikkje det at eg ikkje har frå før, men eg trengte faktisk litt fleire. Vi har nemleg ein nyrestaurert fjøs og låve  som skal pyntast litt ekstra til jul, så mange av julestjernene vi har hatt før skal hengast opp der. Du må for all del ikkje tru at huset mitt er fullt av juleting og pynt. Så langt er det berre ei stjerne i glaset og noko vinterpynt på eit fat på spisebordet. Eg likar godt å pynte med konglar. Vi samla nokre i haust og dei har vi litt her og der i huset.Noko av den finaste julepynten finn vi utandørs. Vi er heldige som har skogen og fjøra i nærleiken, for der finn eg masse inspirasjon til julepynt. Eg er så glad i greiner; både dei nakne og dei vintergrøne. Og både konglar og stein er fine naturelement som er med å lage både vinterstemning og julestemning.YNSKJER DEG EIN FIN SØNDAG![...]



Lengtar...

2012-11-16T07:32:13.109+01:00

Åhhh, som eg lengtar heim til familien min, hunden vår, kjøkkenbenken min og utsikta mi...
Det er rart kor sterk heimlengten kan vere, og kor store alle desse små tinga vert. Eg har vore vekk i "embeds medfør" denne veka og no er det fredag og eg skal heim. Berre nokre timar til. 


Home is where my is!





Strikkedilla ♥

2012-11-11T01:05:05.253+01:00

Hausten er heilt klart tida for innesyslar. Akkurat no er det strikking som opptek mykje av avslappingstida mi om kvelden. No har eg strikka nokre par med tjukkelestar, men skal snart til å strikek ein gensar til vesle frøken fem år.I fjor strikka eg ein tunika til henne som eg har vorte så glad i, tenkte eg skulle vise nokre bilete av den.Vi var i fjøra ein nydeleg haustkveld og frøken Fem hadde på seg tunikaen sin. Eg kom brått på at eg faktisk ikkje har lagt ut bilete av den på bloggen, og det måtte vi sjølvsagt gjere noko med...  Den stolte eigaren ville meir enn gjerne vere modell!Fi n e   j e n t a   m i  ♥ Oppskrifta fann eg i Sandnesgarn si brosyjyre som heiter "Mix barn, 1002 barn".  Eg brukte Sandnesgarnet MiniAlpakka og strikka på pinne nr. 3. Som den urøynde strikkaren eg er, så var eg ganske stolt over å ha klart å strikke mi fyrste vrangbord med fletter! Det var ikkje så vanskeleg med fletter som eg hadde trudd, så dette gav meirsmak!♥Er den ikkje fin vel?[...]



Vidunderleg vakkert...

2012-11-07T09:21:35.289+01:00

Eg blir aldri lei av Sæbø, den vidunderleg vakre bygda i Hjørundfjorden. Sjølv om eg bur nært Sæbø, så får eg umiddelbar feriekjensle når eg kjem dit. Særleg på ein varm sommardag når fjorden blenkjer og dei majestetiske fjella strekkjer seg uendeleg mot blå himmel. Men det er like vakkert der ein iskald vintersdag med snøbyger og piskande vind, eller når frosten har lagt seg og alt ser ut til å kvile. Det er berre det at ingenting kviler på Sæbø. Der er alltid ein puls. Alltid ein nerve. Alltid noko som fortel deg at folk er stolte av å bu her.På seinsommaren i år gjekk hurtigruta inn Hjørundfjorden - verdens vakraste fjord. Det var eit prøveprosjekt for å sjå om det kunne vere aktuelt for hurtigruta å legge om ruta si. Vi som bur i kommunen visste sjølvsagt at Hjørundfjorden ville innfri forventningane. Ein er ikkje upåvirka etter eit møte med Hjørundfjorden. I går kom meldinga om at hurtigruta, for fyrste gong på 20 år, legg om ruta si og gjer Hjørundfjorden til ein fast post på programmet sitt (les meir om det her).I dag er det snø og kaldt på Sunnmøre og då gjer det godt å kike på nokre vakre bilete frå Sæbø i Hjørundfjorden ein vakker augustsøndag i år. Tenk å sitje i fjøresteinane ein varm sommarkveld og nyte utsikta av majestetiske fjell...n  o  s  t  a  l  g  iDei brukte det dei hadde då dei bygde naust. Dette må vere plank frå ein gammal båt. k  v  a  r  d  a  g  s  k  u  n  s  tDet er ingen tvil om at Hjørundfjorden er blant dei vakraste fjordane i verda. Det som kanskje gjer at Hjørundfjorden trekk det lengste strået, er at det er liv her. Det bur folk inn i denne fjordarma. Dei har sitt daglege virke her. Driv næring. Dei forpaktar jorda. Er bønder. Kulturbærarar. Gard og grunn vert ikkje halde flidd fordi det skal ta seg fint ut for turistar, men fordi det bur folk der.Det er så vidunderleg vakkert i Hjørundfjorden og no er eg glad for at endå fleire skal få sjå alt fjorden har å by på.[...]



Vil du vinne fine matbøker?

2012-10-27T14:27:33.161+02:00

I lag med samarbeidspartnaren min, Haugenbok.no, har vi ein aldri så liten give-away på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Bøkene eg er så heldig å få dele med lesarane mine er:“Miss Dahl´s frodige fristelser” av Sophie Dahl, Aschehoug 2011“BBQ” av Paul Løwe, Versal forlag 2012“Maten og kjærligheten” av Stian Jacobsen, Schibsted forlag AS 2010For å vere med i trekkinga må du gjere følgande:Klikk deg innom matbloggen min og følg instruksjonane som står eit stykke nede i innlegget. Klikk her for å kome rett til innlegget! GOD HELG TIL ALLE MINE LESARAR! [...]



Forrige laurdag...

2012-10-21T00:27:41.660+02:00

...var vi på den vakraste øya eg veit om og feira ein fantastisk flott 40-åring! Alt stemte; vèret, folka, maten og stemninga. Etter ein kort båttur ankom vi denne brygga...På vegen opp til dei to gardane møtte vi nysgjerrige øybuarar som lurte veldig på om vi hadde med mat til dei...Vi passerte dette tunet først......og så kom vi endeleg fram til garden der vi skulle feire den flotte 40-åringen...Eg ser ut på denne øya kvar dag. Men å vere der..., gå rundt der..., - det er noko heilt anna! Vertskapet hadde ordna til på låven. Det var levande lys, god mat på bordet, flotte taler og god musikk. All maten var kortreist og mykje av det fanga av han som vi feira; hjort, krabbe, hummar, bacalao og mykje, mykje meir. Og då kveld gjekk mot natt dansa nordlyset på himmelen og gjorde kvelden meir spesiell enn nokon kunne ha drøymt om! Det er ikkje rart at ingen ville heim. At vi ville kvelden og natta skulle vare evig.Tusen takk til 40-åringen med frue, for å ha gitt oss ei spesiell oppleving som vi ikkje gløymer! [...]